| Aktuelle lovregler | ||||
|
AleneMedBarn.no
Om
aleneforeldrefamilier
Barn ingen hindring
Foreldresamarbeid - et skråblikk på foreldresamarbeid
Ansvar for barn i ulike aldre
Funksjonshemmede barn
Kurs og muligheter
Litt av
hvert Møteplassene
Copyright JusForDeg - Rettshjelper Kari Reine 2007/2008 |
02.12.2007
Reiser til utlandet Tekst: Kari Reine
Dersom det er usikkert om barnet kjem tilbake, kan domstolen leggje ned utreiseforbod. Ein forelder utan foreldreansvar må ha samtykke frå den som har foreldreansvaret for å kunne ta barnet med til utlandet. Domstolen kan likevel gi løyve til utanlandsreisa dersom det er openbert at barnet kjem tilbake.
Flytting til utlandet
Er det tvist mellom foreldra om foreldreansvaret eller om kvar barnet skal bu fast, kan ikkje barnet flytte ut av landet før tvisten er avgjord.
Utferding av pass til
born
I tilfelle der ein av foreldra har rett til å ta barnet med til utlandet etter føresegnene i barnelova, kan politiet likevel utferde pass til born med samtykke berre frå den eine av foreldra. Det kan gjerast sjølv om den andre av foreldra ikkje samtykkjer.
Bortføring av born
I somme tilfelle fører denne usemja til ulovleg bortføring til eller ulovleg tilbakehalding i eit anna land, og/eller det kan vere at barnet blir nekta kontakt med den andre av foreldra.
Noreg har slutta seg til to konvensjonar på dette området, Europarådkonvensjonen og Haagkonvensjonen. Justisdepartementet er sentral styresmakt etter desse konvensjonane. Dersom eit barn er bortført til eit land som ikkje har underteikna nokon av desse konvensjonane, må ei tilbakeføring skje etter dei rettsreglane som gjeld i vedkomande land. Hjelp frå norske styresmakter si side må i så fall ytast gjennom Utanriksdepartementet.
Kilde: BLD
Copyright Liten&Sterk 2005. Org.nr. 983 247 164. Webredaktør og skribent Kari Reine Layout og foto Kari Reine. Nettsidene lages og vedlikeholdes av Kari Reine Kontaktinfo: post@alenemedbarn.no |
Annonser |
||